lørdag 27. november 2010

Prokrastinering

Har tilbrakt store delar av siste tida med eksamenslesing og forberedelsar, men litt pause må ein jo ha. I går begynte eg å sjå om igjen Twin Peaks, den fantastiske David Lynch-serien som revolusjonerte konseptet tv-seriar.  Serien kan anbefalast på det sterkaste, det er ein av mine favorittseriar.  Ein blir så oppslukt i heile Twin Peaks-universet, eg tar meg sjølv i å drømma om serien både i søvne og i våken tilstand. Det er noko med det idylliske småbylivet og den vakre naturen i kombinasjon med mord og perversjonar som kan fortrylla deg heilt. Har aldri hatt så lyst på sigarettar, kaffi og smultringar som eg har no.
























Bildene er henta herfra, og der kan du finne disse bildene og mange fleire i full størrelse for nedlasting. Hvis du er hardcore fan kan du og lese om filmlokasjonane og sjå bilder av korleis dei ser ut i dag.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar