Først og fremst blir eg utrulig glad av å sjå på bilder i fra 40- og 50-tallet, då mannfolka gjekk i dress og damene i kjole og høge helar. Til og med under krigen, når kvinnene måtte arbeida i industrien mens mennene var og forsvarte nasjonane gjekk dei pent kledd og hadde raud lebestift på seg.
Sjølv om eg er jente, eg eg glad i å spele dataspel. Et av yndlingsspela mine er Fallout 3, og ein av tinga som har fenga meg ved dette spelet, er alle detaljane. I ein postapokalyptisk verden der atomkrig har rast, står framleis enkelte ting igjen og minner om verden som den var. Blant anna reklameplakatane i dette spelet er utrulig fine og detaljerte.
For tida leser eg mange bra bloggar, og mange av dei har inspirert meg til å lage min egen. Spesielt bra liker eg bloggar med positive undertonar som ein blir glad av å lese. Eg leser stort sett motebloggar og fotografibloggar, sjølv om eg verken er hobbyfotograf eller fashionfrelst. Det er bare sånn det er. Apropos, legg gjerne igjen blogglenka di i kommentarfeltet, eg synes det er kjekt å utforske nye blawgs!


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar